Nordfjordeid - Sogn og Fjordane
Søndag 1. juli 2018
Takk til alle som deltok på årets Trollenykjen Opp!
Beste mann var Andreas Skylstad, Norangdal IL, med tida 36:50. Beste dame var Karoline Holsen, Førde IL Friidrett, med tida 38:44. Ho satte i tillegg løyperekord for damer. Vi gratulerer begge to!
Tidene til dei 50 i konkurranseklassane ligg på resultatsida. (Lista inneheld alle historiske resultat tilbake til 2010, men kan filtrerast på klassar og årstal).
EIt utval bilete blir etterkvart lagt ut på albumsida.
I hard motbakke opp mot "utsiktsvegkrysset" i Nordfjord
Motbakkeløpet Trollenykjen Opp på 4 km går frå flatene i sentrum og opp til Trollenykjen 898 m.o.h. Frå toppen kan du sjå til Hopland, Sandane, Hyen, Ålfoten, Davik, og Nordfjordeid. Løftar du blikket ser du innover fjella i Indre Nordfjord og nordover mot Sunnmørsalpane.
Det er 4 løp i SFE motbakkecup 2017. Svinestranda Opp 25.juni, Trollenykjen Opp 2.juli, Vetenløpet 8.juli og Troda Opp 12.august.
Etter siste løpet blir det trekt ut pengepremiar blant alle konkurranseløparar og mosjonistar som har vore med på minst 3 av 4 løp, der sponsor er Sogn og Fjordane Energi. Alle som har vore med på minst 3 løp får også T-skjorte.
Det vart heile 6 nye imponerande klasserekordar i år:
M12-13: Ingebrigt Nes Hjelle, Eid IL Ski, 46:02
M18-19: Johan-Olav Botn, Stårheim IL, 39:06
M75+: Lars Håheim, Olsvik IL, 01:11:01
D14-15: Oselie Henden, Eid IL, 53:02
D23-34: Karoline Holsen Kyte, Førde IL Friidrett, 38:44
D65-69: Liv Berge, Åheim IL, 01:05:26
Beste tid på Trollenykjen Opp har Joel Dyrhovden, Samnanger IL, på 35:10 i 2011. Karoline Holsen Kyte, Førde IL Friidrett, har beste tid i kvinneklassa på 38:44 i 2017.
På resultatsida kan du søke i resultat tilbake til 2010.