I den 13. utgåva av Trollenykjen Opp var det Trym Dalset Lødøen, Haugen IL (33:59), og Irene Svidal, Fjellhug/Vereide (47:40), som vann. Begge satte i tillegg klasserekordar for M20-22 og D40-44. I tillegg satte Vegard Holsen, Førde IL, ny klasserekord for M35-39 med tida 36:49.
Det var til saman 110 som deltok på dagens arrangement, 34 i konkurranse, 53 i mosjon og 23 i barneløp.
Tidene til deltakarane i konkurranseklassane ligg på resultatsida. (Lista inneheld alle historiske resultat tilbake til 2010, men kan filtrerast på klassar og årstal).
Takk til alle som deltok!
Beste tid på Trollenykjen Opp har Thorbjørn Ludvigsen, Varegg, på 33:37 i 2019. Karoline Holsen Kyte, Førde IL Friidrett, har beste tid i kvinneklassa på 38:44 i 2017.
På resultatsida kan du søke i resultat tilbake til 2010.
Motbakkeløpet Trollenykjen Opp på 4 km går frå flatene i sentrum og opp til Trollenykjen 898 m.o.h. Frå toppen kan du sjå til Hopland, Sandane, Hyen, Ålfoten, Davik, og Nordfjordeid. Løftar du blikket ser du innover fjella i Indre Nordfjord og nordover mot Sunnmørsalpane.