Startside

Resultat 2025

Den 14. utgåva av Trollenykjen Opp blei prega av friskt vestlandsvêr. Store nedbørsmengder og kraftig vind på toppen gjorde det til eit krevjande løp. 27 utøvarar stilte til start og trossa dei vanskelege forholda. Tørres Bjelland Nøstdal sikra heimesiger til Eid IL i herreklassa. Han vant med tida 39:43. Håvard Klakegg frå Jølster IL blei nummer to med tida 40:34 og Sigmund Aasen Kvalheim, Måløy IL, sikra seg tredjeplassen på tida 40:39. I dameklassa var det skiskyttar Emile Flo Stavik, Markane IL, som var sterkast. Vinnartida hennar blei 45:36 og ny aldersrekord i klassa D20-22. Bodil Ryste, Gaular IL, tok andreplassen på tida 48:34. Det er ny aldersrekord i dame 45-49 år. Siste pallplassen gjekk til Guro Elizabeth Strindeberg, Drammen Strong, 49:04. Marie Smørdal Hjelle imponerte stort i klasse D12-13 år. Ho sprang inn på tida 51:07, som er ny aldersrekord i den klassa. 13 stilte til start i mosjonsklassa og 7 spreke barn deltok i barneløypa. Takk til alle som var med, og ekstra takk til mannskapet som stod for tidtaking på toppen. At dei heldt ut der opp i fleire timar, er rett og slett stor prestering. Skigruppa går for nytt arrangement til neste år. Vi håper på litt betre vêrforhold ved neste høve.



Tidene til deltakarane i konkurranseklassane ligg på resultatsida. (Lista inneheld alle historiske resultat tilbake til 2010, men kan filtrerast på klassar og årstal).





Rekordtider


Beste tid på Trollenykjen Opp har Thorbjørn Ludvigsen, Varegg, på 33:37 i 2019. Karoline Holsen Kyte, Førde IL Friidrett, har beste tid i kvinneklassa på 38:44 i 2017.


 resultatsida kan du søke i resultat tilbake til 2010.


I hard motbakke opp mot "utsiktsvegkrysset" i Nordfjord  


Motbakkeløpet Trollenykjen Opp på 4 km  går frå flatene i sentrum og opp til Trollenykjen 898 m.o.h. Frå toppen kan du sjå til Hopland, Sandane, Hyen, Ålfoten, Davik, og Nordfjordeid.  Løftar du blikket ser du innover fjella i Indre Nordfjord og nordover mot Sunnmørsalpane.

 

Sponsorar

Sparebanken Vest
BERGE & CO
Torheim Gartneri
Skårhaug Taktekk
Malakoff
Eid Elektro
El-Proffen
Rema 1000
Coop extra Nordfjordeid
Vitus apotek
Enivest
Jacel
Chatlet Sport
Fjordvarme
Eikås Tannlegesenter