Løypa på ca 4 km er som "Skåla opp" trasèen i kortversjon med start på 10 m.o.h og mål på 898 m.o.h.
Dei første hundre meterane går på skogsveg, deretter på fin sti gjennom lauvskog til ein er komen litt over halvvegs. Over skoggrensa går stien vidare gjennom vekslande myr-/jordgrunn til ein så får fast fjell under beina siste del av løpet. Drikkestasjon er plassert like over skoggrensa ved Skipenessætra.